Prosjektet
HOVUDMÅL
COMPLETE er eit forskingsprosjekt utvikla for å betre psykososiale læringsmiljø i vidaregåande opplæring, og dermed bidra til å auke gjennomføring og nærvær i vidaregåande skule. Prosjektet inneber å implementere og evaluere effekten av to tiltak som skal legge til rette for gode psykososiale læringsmiljø: Drømmeskolen og Nærværsteam.
PARTNARAR
COMPLETE vert leia av Torill Larsen ved Universitetet i Bergen, og er eit samarbeidsprosjekt mellom UiB, fylka Nordland, Troms, Sogn og Fjordane og Hordaland, Oxford Research, Nordlandsforsking, organisasjonen Voksne for Barn og nærværsteamet ved Bodin vidaregåande skule i Bodø.
METODE
COMPLETE er ein pågåande skulebasert randomisert kontrollert studie i 17 vidaregåande skular i fire fylker i Noreg. Prosjektet følgjer to kull gjennom vidaregåande opplæring i henhaldsvis 3 og 2 år. Det vert nytta eit blanda metode-design for å kunne sei noko om både effekten av tiltaka og prosessen med implementeringa av tiltaka.