Om COMPLETE

COMPLETE er eit forskingsprosjekt utvikla for å betre psykososiale læringsmiljø i vidaregåande opplæring, og dermed bidra til å auke gjennomføring og nærvær i vidaregåande skule. Prosjektet inneber å implementere og evaluere effekten av to tiltak som skal legge til rette for gode psykososiale læringsmiljø: Drømmeskolen og Nærværsteam.

COMPLETE er leia av Universitetet, og er eit samarbeid mellom ni partnarar: Universitetet i Bergen, Nordlandsforskning, Oxford Research, Fylkeskommunane i Troms, Nordland, Hordaland og Sogn og Fjordane, Organisasjonen Voksne for Barn, og Bodin Videregående skole.
COMPLETE er eitt av fire forskingsprosjekt finansiert av Kunnskapsdepartementet sitt Program for Bedre Gjennomføring, med oppstart skuleåret 2016/2017 og avslutting i desember 2019.