Intervensjonane

COMPLETE-prosjektet består av to tiltak, eller intervensjonar: Drømmeskolen og Nærværsteam.

Drømmeskolen er eit universelt tiltak utvikla og drive av organisasjonen Voksne for Barn, og som er retta mot alle elevar i første klasse på vidaregåande skule (VG1). Universelle tiltak i skulen dekker heile skulen og alle elevar, også dei som ikkje er identifisert å vere i ei risikogruppe ved oppstart, men som kan vere sårbare i høve til overgangen mellom ulike skular.

Nærværsteam er eit indikert og/eller selektivt tiltak. Selektive tiltak dekker spesielt sårbare/utsatte grupper med behov for tett oppfølging, og indikative tiltak dekker definerte risikogrupper (dei som kjem med allereie manifesterte psykiske vanskar eller diagnosar).

I dette prosjektet ønskjer vi å undersøke om vi får større effekt på gjennomføring av vidaregåande opplæring ved å ta i bruk heile forebyggingsmodellen (både universelle og selektive/indikative tiltak), sett opp mot bruk av kun universelle tiltak.