Drømmeskolen er eit universelt tiltak utvikla og drive av organisasjonen Voksne for Barn, og som er retta mot alle elevar i første klasse på vidaregåande skule (VG1).
Drømmeskolen har eit særskilt fokus på å sikre ein god overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Programmet er retta mot å betre det psykososiale læringsmiljøet i vidaregåande opplæring (og ungdomsskulen), samt å styrke elevmedverknad. Det er del av Helsedirektoratet si satsing på «psykisk helse i skolen», som består av førebyggande og meistringsorienterte skuleprogram for å betre unge si psykiske helse. Programmet er utvikla med basis i teori, forsking og erfaring som har betyding for sosial integrasjon og læring generelt, og i skulen som organisasjon. Implementeringsstrategiar, modellar, metodar og tiltak er utvikla og prøvd ut i tett samarbeid med elevar, lærarar, skuleleiarar og helsesøstre. Gjennom dette er det utvikla ein konkret implementeringsstrategi.
Måla med Drømmeskolen er:
- Å etablere rammer og verktøy for eit heilheitleg arbeid med det psykososiale læringsmiljøet i skulen.
- Å auke kompetansen til tilsette om korleis ein kan jobbe for eit godt psykososialt miljø.
- Å styrke relasjonen mellom elevar og mellom elevar og tilsette.
- Å styrke elevane si tilhørsle, deltaking, meistring og motivasjon.
- Å auke elevane sin motivasjon for å fullføre og bestå vidaregåande opplæring.
- Å bruke elevane som ressursar i eit systematisk arbeid for å fremje eit godt psykososialt læringsmiljø.
Drømmeskoleprogrammet består av praktiske tiltak og verktøy som skal verke saman, forsterke kvarandre og skape kontinuitet og rammer for skulen sin heilheitlege arbeid med læringsmiljøet. Elevmentorar, ”Drømmeklassen” og styrking av læraren sin kompetanse i å utvikle eit godt læringsmiljø er viktige bærebjelkar. Programmet er skuleomfattande, og er meint å involvere alle på skulane i større eller mindre grad. I tillegg er tiltaket knytt til ulike nivå i skulen (skulenivå, klassenivå, gruppenivå og individnivå). Programmet består av ei ressursgruppe, elevmentorar, Drømmeklassen og tilsette.