Nærværsteam

Nærværsteam er eit indikert eller selektivt tiltak for å hindre fråfall. Det er retta spesielt mot psykososial oppfølging av målgruppa for programmet, nemleg unge som står i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring og dermed ikkje kvalifisere seg for arbeidslivet. Tiltaket skal sikre at ungdom som står i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring får tett oppfølging gjennom kontinuerleg nærværsarbeid. Dette skal sikre gode overgangar inn i, og mellom dei ulike fasane av det vidaregåande løpet.

Tiltaket er utvikla på bakgrunn av følgeforsking av eit førebyggjande team oppretta ved Elevtjenesta på Bodin videregående skole i Bodø, og deira systematiske arbeid med førebygging av fråfall. Elevtenesta og Oppfølgingstenesta (OT) ved Bodin videregående skole oppretta dette teamet blant anna fordi dei erfarte at den viktigaste årsaken til at deira elevar droppar ut av skulen skuldast psykososiale forhold kring enkeltelevar.

Nærværsteamet består av eit fleirfagleg samansett og samlokalisert team. Dette sikrar rask respons og ei opa dør som både elevane og skolen sitt pedagogiske personale veit dei kan nytte seg av. Gjennom å samlokalisere teamet blir ekspertisen kring det psykososiale arbeidet i skulen samla, samtidig som kontaktlærar blir avlasta. I intervensjonen er det tilført ein halv stillingsressurs ekstra til dette teamet som skal fungere som koordinator for tiltaket innanfor den enkelte skule. I dette ligg å koordinere innsatsen, både internt mot leiinga (rektor) og kontaktlærar, og også eksternt, mot samarbeidspartnarar og system rundt, som til dømes BUP, Nav, den øvrige kommunale helsetenesten, barnevernstenesten, praksisplass m.fl. Det interne mandatet inneber også å etablere og å sørgje for at rutiner blir følgd, systematisert og dokumentert.

Teamet jobbar førebyggjande gjennom å rette tidleg innsats mot, og oppfølging av elevar som har utfordringar, for å støtte dei med mål om å gjennomføre vidaregåande opplæring. I tillegg er det fokus på å kom tidleg inn dersom elevar byrjar å få mykje fråver, for å sikre at det ikkje eskalerer og går utover fråversgrensa.