Hovudmål

COMPLETE har som hovudmål å legge til rette for betre gjennomføring og nærvær i vidaregåande skule gjennom å prøve ut to forskingsbaserte tiltak: Drømmeskolen og Nærværsteam. Dette inneber å evaluere både implementeringsprossess og effekt av desse tiltaka i vidaregåande skule.

 

COMPLETE skal:

1. Gjennomføre ei prosess- og effektevaluering av Drømmeskolen og Nærværsteam i vidaregåande skular i Noreg ved hjelp av miksa metodar.

2. Generere kunnskap om korleis eit universelt helsefremjande tiltak,  og ein kombinasjonen av eit universelt og eit selektert tiltak kan bidra til positiv ungdomsutvikling, betre psykisk helse, auka nærvær og mindre fråfall i skulen. Følgjeleg vil vi undersøke:

  • Effekten av tiltaka på:
    •  Gjennomføring (fråfall)
    • Nærvær (fråvær)
    • Psykisk helse (symptom på angst og depresjon/mental helse)
    • Skuleprestasjonar (snittkarakter)
  • Om effekten varierer mellom skular som har berre Drømmeskolen og skular som har både Drømmeskolen og Nærværsteam.
  • Om effekten varierer i høve til elevar sin sjølvrapporterte sosioøkonomisk status og kjønn.
  • På kva måte implementeringa av tiltaka er relatert til resultat som fråfall, nærvær, skuleprestasjonar og  psykisk helse.

3. I kva grad er tiltaka implementert i klassen og skulen, og kva er tilretteleggarar og barrierar for implementering.