Metode

COMPLETE-prosjektet er ein pågåande skulebasert randomisert kontrollert studie (RCT) i 17 vidaregåande skular i fire fylker i Noreg. I dette prosjektet vert det nytta eit blanda metode-design (mixed methods) for å kunne sei noko om både effekten av tiltaka og prosessen med implementeringa av tiltaka, der sistnemnde skal bidra med å forklare resultatar frå effektevalueringa.

Alle skular i dei fire fylka vart invitert til å melde si interesse for deltaking. Kriterier for å delta var at skulen ikkje tidlegare hadde hatt, eller på rekrutteringstidspunktet var involvert i Drømmeskolen eller Nærværsteam eller liknande program eller forskingsprosjekt. 19 skular meldte si interesse, og 17 skular vart vurdert som kvalifisert for deltaking i studien.

Skulane vart så randomisert i tre grupper:

  1. Tiltaksgruppe 1 (TG1): Seks skular prøvar berre ut Drømmeskolemodellen
  2. Tiltaksgruppe 2 (TG2): Seks skular prøvar ut ein kombinasjon av begge tiltak (Drømmeskole og Nærværsteam)
  3. Kontrollgruppe (K): Fem skular er kontrollskular

Prosjektet følgjer to kull:

  • Kull 1 (K1) starta vidaregåande opplæring hausten 2016
  • Kull 2 (K2) starta vidaregåande opplæring hausten 2017.