Referansegruppe

Tilknytt COMPLETE-prosjektet er ei referansegruppe som har spesielt fokus på forskingsdelen av prosjektet. Føremålet med gruppa er å drøfte faglege aspekt ved prosjektet, mellom anna skulefaglege element, forhold kring fråfall, implementering og aspekt ved randomisert kontrollert forsøk som studiedesign. Referansegruppa består av representantar frå forskargruppa i COMPLETE-prosjektet, samt eksterne partnarar – professor Bjarne Wahlgren og professor Vibe Årkrog ved Nationalt Center for Kompetenceudvikling ved Danmarks institutt for Pædagogik og Uddannelse (DPU) /Aarhus Universitet. Referansegruppa har møter ca. éin gong i året.