Fråfall og psykisk helse blant norsk ungdom

 

Reduksjon av fråfall i vidaregåande skule er eit uttalt mål for Kunnskapsdepartementet, og sjølv om det er usemje kring kor stort fråfallsproblemet i norsk vidaregåande opplæring er, så er det semje om at ein ønskjer at så mange som mogleg skal fullføre skulegangen, eller bli rettleia til andre aktivitetar. Det er difor svært viktig med eit systematisk arbeid for å hindre fråfall.

Psykiske helseproblem er ein av dei viktigaste årsakane til at unge droppar ut av vidaregåande skule, blir uføretrygda som ung, og blir arbeidsledig gjennom livet (Brage og Thune 2015, Berg og Thorbjørnsrud 2009). Mellom 15-20 prosent av barn og unge i alderen 3 til18 år er estimert til å ha nedsett funksjon grunna psykiske plager som angst, depresjon og åtferdsproblem (Folkehelserapporten 2014). Å oppleve psykiske vanskar i barne- eller ungdomsåra gir auka risiko for psykiske plagar og psykiske lidingar vidare i livet. Forsking viser klare samanhengar mellom psykisk uhelse, fråver og fråfall blant elevar i vidaregåande opplæring (Anvik og Gustavsen 2012, Markussen og Seland 2012, Thrana m.fl. 2009). Dette medfører store individuelle og samfunnsmessige belastingar. Skulen er ein sentral institusjon i ungdom sine liv, og viktig for å skape gode høve for ei positiv utvikling, fremje eit godt læringsmiljø og deltaking på skulen. Forsking, både nasjonalt og internasjonalt, viser at eit godt læringsmiljø bidreg til å fremje helse, trivsel og god sosial utvikling (Durlak et al., 2011).

Læringsmiljøet er elevane sitt arbeidsmiljø. Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø fremjar helse, trivsel og læring (Samdal & Rowling, 2011; 2014). Dette er også nedfelt i opplæringslova § 9a som tredde i kraft i 2003. Det psykososiale miljøet handlar om dei mellommennesklege tilhøva på skulen og korleis dette verkar på elevene si oppleving av læringssituasjonen. Grunnskulen og den vidaregåande skulen er på lik linje med arbeidslivet lovpålagt å arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø der elevane kan oppleve tryggleik og sosial tilhørigheit. I Stortingsmeldingane 22 (2010-2011) og 20 (2012-2103) blir betydingen av samspelet mellom elevane sin trivsel og læring framheva, med særleg vekt på betydinga av motivasjon og mesitring for å forklare samspelet. Likevel er det heller sjeldan at det psykososiale miljøet er løfta fram som eit sentralt og systematisk innsatsområde i den enkelte skule (Samdal & Rowling, 2011). Overført til arbeidslivet ville ein situasjon med eit så høgt fråver og fråfall som i den vidaregåande skulen i Noreg sannsynlegvis få enorme konsekvensar for involverte bedrifter, og utløyst tilsyn og mobilisering av fagforeiningar.

 

 

Referansar:

Anvik, C., & Gustavsen, A. (2012). Ikke slipp meg–unge, psykiske helseproblemer, utdanning og arbeid. Report, 13, 12.

Berg, H., & Thorbjørnsrud, T. (2009). Hvorfor blir det flere unge uføre? Søkelys på arbeidslivet, 3(26), 389-399.

Brage, S., & Thune, O. (2015). Ung uførhet og psykisk sykdom. Disability and mental health illness in youth (English title). Arb Og Velferd, 37-49.

Durlak, J. A., Weissberg, R. P., Dymnicki, A. B., Taylor, R. D., & Schellinger, K. B. (2011). The impact of enhancing students’ social and emotional learning: A metaanalysis of schoolbased universal interventions. Child Development, 82(1), 405-432.

Markussen, E., & Seland, I. (2012). Å redusere bortvalg – bare skolenes ansvar? En undersøkelse av bortvalg ved de videregående skolene i Akershus fylkeskommune skoleåret 2010-2011.

Samdal, O., & Rowling, L. (2011). Theoretical and empirical base for implementation components of health-promoting schools. Health Education, 111(5), 367-390.

Samdal, O., & Rowling, L. (2014). Implementation Strategies to Promote and Sustain Health and Learning in School. In V. Simovska & P. Mannix-McNamara (Eds.), Schools for Health and Sustainability. Theory, Research and Practice (pp. 233-252). Dordrecht: Springer.

Thrana, H. M., Anvik, C. H., Bliksvær, T., & Handegård, T. L. (2009). Hverdagsliv og drømmer. For unge som står utenfor arbeid og skole.